Knallharde fakta

På denne sida står kunnskap
om stein i fokus.

Åfjordstein har granatglimmerskifer som favorittmateriale, bergarten som danna grunnlaget for den storstila kvernsteinsproduksjonen i Hyllestad. Åfjordstein har eit formvalg der kverna ofte kan attkjennast i produkta.


Fleire bergartar

Sjølv om granatglimmerskifer og kvernstein står i sentrum, så lagar Åfjordstein også produkt av andre lokale bergartar.   Eksempel på desse kan vere eklogitt, marmor og konglomerat. Om du sjøl har ein stein du gjerne vil få omskapt til noko personleg for deg, så hjelper vi gjerne til med det.

Kvernsteinsproduksjonen i Hyllestad

I Hyllestad finn du eit av Norges største fornminne i utstrekning. I eit område på omlag 20 km2 ligg hundrevis av kvernsteinsbrot spreidde utover i landskapet.
I vikingtid og mellomalder var Hyllestad eit senter for bergverksdrift som hadde stor betydning både lokalt og internasjonalt.

Produkta herfrå vart eksportert  over svært store avstandar. Steinbrota ligg i dag både i innmark og utmark, heilt frå fjæresteinane til inn på fjellet. Andre spor er dei mange avslagshaugane  med produksjonsavfall.

Arbeidsmåten i steinbrota

Det er grovt sett to måtar å hogge ein kvernstein på. Steinen kunne hoggast frå eit laust steinemne/steinblokk, eller han vart hoggen direkte ut av fast fjell. I Hyllestad var hogging frå fast fjell den viktigaste arbeidsmåten, og det var slik kvernsteinane vart produsert i vikingtid og mellomalder. Etter at sprengstoff (krut) vart vanleg og tilgjengeleg gjekk ein gradvis over til å hogge kvernsteinane av blokker som på førehånd var sprengde ut av fjellet med krut.

Les meir på kvernstein.no

Dei to arbeidsmåtane har likevel mange hogge-og handverksmessige fellestrekk. Hoggjernet var det viktigaste verktøyet under arbeidet. I tillegg vart ulike kilar, meislar, hamrar og slegger brukt.

prod_klokke3opt

Eklogitt

Eklogitt er fylkessteinen til Sogn og Fjordane. Namnet kjem frå gresk og betyr «særleg utvald». Viktigaste minerala i bergarten er raudbrune granatar og grønaktig pyroksen. På verdensbasis er eklogitt ein sjeldan bergart. Hos oss finn vi den fleire stadar på Vestlandet. Åfjordstein hentar eklogitt blant anna i Sørdalen (Fjaler).

Eklogitt er danna djupt nede i jordskorpa for 420-400 millionar år sidan. Det skjedde i forbindelse med kollisjonen mellom to jordplater som vert kalla Laurentia og Baltika. Kollisjonen resulterte i ei fjellkjede på størrelse med dagens Himalaya. Djupt under fjellkjeda var trykket enormt og temperaturen stor. Her vart bergartar som basalt, diabas, amfibolitt og gabbro omdanna til eklogitt. No er fjellkjeda erodert bort og steinane frå djupet ligg oppe i dagen.

Før i tida vart eklogitt ofte brukt som ballaststein i båtar fordi den er svært tung.

Bergarten egnar seg godt til smykkestein og prydgjenstandar.

Studien publisert i British Journal of Cancer rapporterte at behandlingen ga en reduksjon på 12% i den kumulative forekomsten av tykktarmskreft sammenlignet med en måneds placebo. Studiens funn at menn som tar daglige piller som inneholder sildenafil opplevde den høyeste kreftforekomsten, i gjennomsnitt 50mg, er veldig lovende.