Med stein
i blodet

Torbjørn Løland i Åfjordstein har arbeid både praktisk og teoretisk med stein i ei årrekkje, og er i dag ein velkjent fagmann innafor feltet.

Med blikk for detaljar og djup forståing for materialet forvandlar han sjølv den kjedelegaste gråstein til unike produkt.


På denne sida kan du lese meir om Åfjordstein og finne kontaktinformasjon.


Arbeidet i verkstaden

Åfjordstein framstiller storparten av produkta sine med moderne verktøy.

Viktigaste arbeidsprosessen er likevel valg av materiale eller steinemne. Eit større steinstykke blir saga til mindre og meir handterlege steinklossar. No kan mønster og farge lesast på sagflata. Vi er «inne i steinen». Vidare bearbeiding blir gjort med hjelp av ulike steinborrar, fresar, slipe-og polermaskiner. Kvart einskild produkt er soleis eit samarbeidsprosjekt mellom steinmaterialet, verktøya og handverkaren.

D8E_2465

verk2


Kontaktinformasjon

Telefon:

95 27 71 56

E-post:

torbjorn@aafjordstein.no

Adresse:

Åfjordstein
6957 Hyllestad


Åfjordstein held til i Buavika, ein kilometer
nord for Hyllestad sentrum.